1. Press kongen til kanten av brettet og eit hjørne.
Det endelege målet er hjørnet med løparen sin farge.
(Men: Forsvararen går gjerne først til det hjørnet som ikkje har løparen sin farge.)
Metoden her er å bruke kongen aktivt. Springaren står best på same farge som løparen (kontrollerer felta med ein annan farge). Angriparen må ikkje setje offiserane nær kvarandre utan forsvar av kongen. (Offiserstap).
2. Oppnå denne stillinga (med svart i trekket):
Kongane står i "opposisjon", springaren er mellom og løparen dannar "t-en".
3.No skal springaren i zigzag mot det andre hjørnet. Løparen skal hindre motstandaren i å sleppe ut med kongen, og kongen skal kome etter langs sjetterada. Dette er kanskje den vanskelegaste delen av prosessen.