KLUBBMESTERSKAPET, LARVIK 2017

 

Oppsett og resultater på Turneringsservice

Alle parti i A-klassen: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/16/Game413968.html

Parti i B-klassen: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/4/23/Game417391453.html                    

 

 

RAPPORT, UTSATTE PARTIER v/Bjarte

 

Det ble spilt tre partier i B-klassen tirsdag 21/3

 

Bjørn Magnus Bø avsluttet en formidabel seiersrekke (9/9) gjennom sin seier over Josef Gamil Josef. Bjørn Magnus vant en offiser i trekk 10:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/23/Game553300687.html

 

De to ande ungdommene i B-klassen sto begge best i sine parti mot mer erfarne spillere, men måtte begge gi tapt til slutt. Sivert Ihlen hadde spilt seg til en stor fordel mot Aage Gjone gjennom flere timers spill, men han måtte sent på kvelden finne 48.Td2! som var det eneste trekket som vant:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/23/Game553608562.html

 

Jacob Ounji Nygaard hadde en fribonde stående på syvende rad gjennom 20 trekk i partiet mot Petter Oksum Eriksen. Men på slutten tapte Jacob en springer i forsøket på å bryte gjennom med flere bønder:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/23/Game553835359.html

 

 

RAPPORT, RUNDE 9 og utsatte parti v/Bjarte E.:

 

Det siste partiet i A-klassen vart vunne av Thomas Gjerken Larsen, mot Audun Engeset. Dei kjempa om kven som skulle bli tre eller fire. Thomas vann ein sentrumsbonde i midtspelet og svart klarte på grunn av kvit sitt presise og gode spel ikkje å skape motsjansar etter det:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/16/Game218984.html

Etter at Geir Helmersen har vunne tre klubbmesterskap på rad klarte Jan Tore Moholt  i år å kome tilbake til toppen av slutt-tabellen, slik som i 2011, 2012 og 2013.

 

Det vart spela tre parti i B-klassen. Mellom Petter Oksum Eriksen og Sivert Ihlen bølga det mykje fram og tilbake på slutten. Sluttstillinga er verd å studere! Petter tapte på tid, men stillinga er også tapt. Trekket før var det Petter som sto til vinst på grunn av ein typisk tempo-nyanse, slik det kan vere i bondesuttspel:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/16/Game370218.html

Erik Werner Andersen fekk tidleg ei offisersgåve frå Svein Hansen. Svein fann eit visst motspel, men Erik hadde til slutt to fribønder på sjuande rad: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/16/Game275359.html

Olav Holt fann dei presise trekka i partiet mot Josef  Gamil Josef og viste at Josef sitt aggressive angrep kom litt tidleg:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/16/Game314546.html

 

 

RAPPORT, RUNDE 8 og utsatte parti v/Bjarte E.:

 

Det er no klart at Jan Tore Moholt vert klubbmeister. Han møtte Audun Engeset som satsa skarpt med ein kongegambit. Det valget viste seg å fungere godt: Audun kom best ut av åpninga og sto best det meste av partiet. Begge hadde nokre vinstsjansar dei ikkje brukte før dei så vart samde om remis:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1521914656.html

 

Thomas Gjerken Larsen hadde eit tematisk forsvar mot sekkematten i partiet mot Paulius Cebatarauskas. På den måten kunne Thomas vinne offiser og likevel forsvare seg på baklinja. Etter det hadde ikkje Paulius kompensasjon for offiseren:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1521966484.html

 

«Turneringa sitt mest dramatiske parti» er nok korrekt overskrift når det gjeld «Ishockey-kampen» mellom Bjarte Engeset og Karl Isak Skau. I fylgje computerprogramma veksla partiet mellom klar fordel for kvit eller svart over eit dusin gongar. Etter 58 trekk var stillinga så heilt lik. Men Karl Isak måtte vinne for å unngå nedrykk, så han kunne ikkje la Bjarte gå for evig sjakk. Dei tjue neste ville trekka var prega av stor tidsnaud, særleg for Bjarte. Etter nokre «Hawaii-minutt» klarte Bjarte å setje matt med seks sekund igjen på klokka si: 

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1522136953.html

 

Det er også klart at Bjørn Magnus Bø vinn B-klassen og rykker opp! Bjørn Magnus har ei imponerande og lang rekke med sigrar. Dette betyr at det blir heile tre spelarar under tjue år i A-klassen neste år.

På same måte som Audun Engeset satsa Bjørn Magnus på kongegambit denne kvelden, mot Olav Holt. Kvit fekk tidleg stor utviklingsfordel, sentrumskontroll og angrepslinjer og kunne sikre ein rask vinst:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1522850656.html

 

Josef Gamil Josef spela to parti denne kvelden. Mot Svein Hansen fekk Josef tidleg ei svekka bondestilling, men han klarte å trenge inn på andre rada (med svart) med tårnet. Slik fekk han ein klar fordel i midtspelet og første del av sluttspelet. Her var det mange matchballar til Josef, men Svein Hansen kom sterkt tilbake heilt på slutten og sikra seg sitt sjette poeng:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1523215687.html

 

Vi har mange kampar mellom far og son i klubben no for tida. I møtet mellom Josef og Jacob var det igjen den yngste som henta heilpoenget. Etter 16 trekk var det over, sidan kvit måtte gi dronninga for å unngå matt:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/8/Game1523364671.html

 

 

 

RAPPORT, RUNDE 7 v/Bjarte E.:

 

Når alle runder i A-klassen er spela er det framleis så mange utsatte parti at kampen om førsteplassen ikkje er avgjort. Partiet mellom dei to øverst på tabellen, Geir Helmersen og Jan Tore Moholt, i runde sju, kunne avgjort turneringa. Geir pressa for siger med bonde over og kunne teke i mot eit løparoffer med ei vunnen stilling som resultat. Etter Geir avslo offeret hadde Jan Tore på eit punkt sjanse til å vinne, men partiet enda med remis ganske seint på kvelden. Difor blir partiet mellom Audun Engeset og Jan Tore Moholt avgjerande for sluttstillinga i toppen av tabellen.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/1/Game939319562.html

 

Dei to spelarane i klubben med høgast FIDE-ELO, Audun Engeset og Paulius Cebatarauskas, begge to fødd i 1999, møttest i denne siste runden. Dei spela ein skarp variant i Caro-Kann der Paulius med svart tapte ein offiser i trekk 16. Etter det var der ikkje nok motspel for svart:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/1/Game939884515.html

 

Thomas Gjerken Larsen fekk tidleg mest rom og sentrumskontroll med svart mot Tom Andre Tøftum. Då svart trengte inn på andre rada med eit tårn såg det ut som det heile var over. Men på eit punkt hadde kvit ein taktisk vinst der det sterke sperretrekket e4! ville ha vunne materiell. Svart sin vinst-idé i trekk 61 er instruktiv og tematisk:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/1/Game939965218.html

 

Det er heilt ope kven som kjem til å kome på nedrykksplass i A-klassen. Bak dei tre i leiininga er det svært jamnt.

 

Berre to parti vart spela i B-klassen denne tirsdagen. Det var far og son, Josef Gamil Josef og Jacob Ounji Nygaard, som tok med seg heilpoenga. Josef møtte Petter Oksum Eriksen og vann tidleg ein offiser:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/1/Game943235546.html

 

Jacob spela mot Olav Holt. Her hadde Jacob på eit tidspunkt fem meirbønder for ein offiser. Nokre av bøndene var nær forvandlingsfeltet, så fordelen var klar:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/3/1/Game943340093.html

 

I B-klassen er ikkje så mykje heilt avgjort enda om korleis slutt-tabellen blir, sjølv om Bjørn Magnus Bø har ei klar leiing.

 

 

RAPPORT, RUNDE 6 v/Bjarte E.:

 

Jan Tore Moholt har no vunne fem av sju parti. Likevel er ikkje kampen om klubbmeistertittelen heilt over.  I alle fall Geir Helmersen har framleis også ein sjanse til å vinne. Jan Tore hadde kvit mot Tom Andre Tøftum i ein siciliansk drage der dronningane vart bytta av. Kvit fekk press i sentrumslinjene og svart hadde på eit punkt to isolerte bønder. Men vinsten var definitivt klar etter ein kombinasjon der kvit vann kvalitet: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/23/Game428143781.html

 

Geir Helmersen brukte effektfullt ei opning kalla «The Black Lion» med svart mot Karl Isak Skau. I denne opninga ventar svart gjerne lenge med å rokere. I ein periode viser datamaskinene fordel til kvit i dette partiet, kanskje også med rette. Men då Geir fekk rokert langt var fordelen på svart si side. Litt seinare ofra Geir fleire brikker i eit skarpt angrep. Ikkje alle sider ved offerspelet var heilt objektivt korrekt, men Karl Isak fann ikkje alle dei krevande og nøyaktige forsvarstrekka. Poenget gjekk altså til svart her.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game313716187.html

 

Paulius Cebatarauskas spela det populære London-systemet med kvit mot Bjarte Engeset: 1.d4 Sf6 2.Lf4. Det viste seg at begge spelarane tidlegare på dagen hadde sett den same videoen om den skarpe varianten 3…c5!? Gjennom heile opningsfasen måtte begge vurdere om svart kunne slå bonden på b2 med dronninga frå b6. Det såg ut som kvit til slutt hadde eit overtak på kongesida, men det viste seg at kvit sitt angrep (med springarsjakk frå g5) ikkje var heilt korrekt, så etter avbytter hadde svart eit vunne tårnsluttspel:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game314226078.html

For dei som er interesserte i opningsteorien omkring dette partiet, klipp ut denne linken og lim den inn i nettlesaren:

https://www.youtube.com/watch?v=bAAo5g4myZM

 

Dei to yngste i B-klassen vann begge to sine parti i denne runden. Bjørn Magnus Bø ser no ut til å ha stor sjanse på opprykk etter ein ny sterk siger. Svein Hansen er truleg den som har størst sjanse til å blande seg inn i tets-striden, men må vinne alle resterande parti i så fall. Bjørn Magnus har alt vunne oppgjeret mellom dei to, så det er nok den yngste som ligg best an akkurat no. Kampen om sigeren kan altså vere avgjort komande tysdag. Bjørn Magnus spela svart mot Aage Gjone i denne runden. Aage valde ein opningsvariant i Caro-Kann som gir svart eit solid og fleksibelt sentrum. Svart fekk behalde dette sentrumet lenge nok til at kvit ikkje lenger hadde nok rom til å forsvare seg på:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game314417500.html

 

Sivert Ihlen møtte med kvit ein gambitspelande Erik Werner Andersen. Sivert utnytta at svart bytta av offiserar og aldri fekk i gang eit angrep for dei ofra bøndene. Med det sterke 17.f6! satte han Erik på ei så vanskeleg prøve at han måtte gi opp nokre få trekk seinare

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game314694796.html

 

Erik Werner Andersen spela to parti denne tirsdagen. I det første partiet vann han ein offiser i trekk sju med kvit mot Jacob Ounji Nygaard:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game314799218.html

 

Svein Hansen tok på seg ein potensielt svak d-bonde med svart mot Olav Holt etter 1.e4 c5 2.c3 e5. Kvit valde seinare det forsiktige d2-d3 framfor det meir tvingande d2-d4. Svart fekk difor frigjort seg md …d7-d5 og vann så materiell i midtspelet:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/22/Game315160265.html

 

 

 

RAPPORT, RUNDE 5 v/Bjarte E.:

 

I A-klassen vart det spela berre to av fire parti. Bjarte Engeset hadde utlikna i opninga med svart mot Geir Helmersen, etter at Bjarte fekk spela det tematiske b7-b5 i ei litt uvanleg stilling i kongeindisk forsvar der kvit hadde spela g3 og fianchetto. Men i midtspelet spela Bjarte det posisjonelt svake d6-d5 for å støtte ein fribonde på c4. Kvit trengte inn i svart si stilling via det svekka feltet e5 og kunne deretter med eit taktisk «triks» likevel vinne den viktige fribonden og dermed partiet. Svart hadde seinare eit par sjansar til å skaffe seg ei remis-stilling, men kom i stor tidsnaud og fann ikkje desse sjansane:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/15/Game104456109.html

 

I partiet mellom Tom Andre Tøftum og Karl Isak Skau oppsto det etter kvart ei nesten låst stilling med mykje «stille» manøvrering. Karl Isak hadde dei beste sjansane då stillinga opna seg og vart taktisk kompleks. Computer-programma gir vinst for kvit og svart nærmast i anna kvart trekk ein periode. Til slutt var det Tom Andre som heldt fram med sin gode trend frå forrige runde og skaffa seg heilpoenget:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/15/Game104896718.html

 

Bjørn Magnus Bø har no ei klar leiing i B-klassen etter ei lang og ubroten seiersrekke. Han hadde denne gongen kvit mot Sivert Ihlen. Sivert sin konge vart ståande i midten. Då Sivert tok tilbake ein bonde i e-lina vart denne kongeplasseringa avgjerande, sidan taktikken med binding og avdekkar vann offiser for kvit:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/15/Game105173750.html

 

Eg påpeika i førre runde at Svein Hansen trivast godt med springarar. Men denne veka bytta han bort begge springarane sine og sette deretter ein tematisk matt med tårn og to løparar i partiet mot Aage Gjone:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/15/Game105337000.html

 

I partiet mellom Olav Holt og Petter Oksum Eriksen vart sluttspelet eit eksempel på styrken i ein utvending fribonde. Det var Petter som hadde fribonden og dermed vinsten:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/15/Game105456281.html

 

 

RAPPORT, RUNDE 4 v/Bjarte E.:

 

Etter 4 runder står det no fram klare leiarar og favorittar i begge klasser.

I A-klassen vann Jan Tore Moholt igjen etter få trekk, denne gongen mot Thomas Gjerken Larsen. Han leiar dermed med eit heilpoeng når fire av sju runder er spela. Thomas mista ein offiser i trekk 10:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game934261359.html

 

Karl Isak Skau hadde kvit mot Audun Engeset. Svart utlikna i åpninga, men i midtspelet svinga det litt fram og tilbake. Etter at svart bytta ein sterk springar mot kvit sin g2-løpar var det kvit som fann dei beste planane og sto på eit tidspunkt to bønder over. Deretter klarte svart å komplisere slik at det dukka opp mange interessante remis-ressursar. Tårnsluttspelet var  til slutt ein enkel remis for svart.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game935948406.html

 

Denne runden hadde rikeleg med drama på mange av borda. Paulius Cebatarauskas kom definitivt best ut av åpninga mot Geir Helmersen, men stillinga var skarp. Så bukka Paulius ein svært viktig bonde og Geir kunne deretter auke fordelen sin gradvis. Men brått var alt snudd på hovudet då Geir bukka kvalitet. Paulius hadde svært lite tid etter det tunge midtspelet for hans del, og han rakk ikkje spele sitt 40-andre trekk før klaffen fall. Altså tap på tid i ei stilling der begge har omtrent like sjansar.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game936203296.html

 

Drama og kompleksitet i A-klassen var denne gongen kanskje størst i partiet mellom Bjarte Engeset (kvit) og Tom Andre Tøftum (svart). Bjarte pressa hardt med tidleg g4 og h4 i ein Alehkine. Dette gav etter kvart fordel og eit farleg kongeangrep, sjølv om kvit konge vart ståande i sentrum. I trekk 29 hadde Bjarte sjansen til ein tematisk vinst med f5! Han spela derimot på eit offiser-offer . Datamaskinene seier at dette offeret ikkje er korrekt, men svart sitt beste og vinnande forsvar var svært så komplisert og computeraktig. Tom Andre fann likevel eit anna forsvar der Bjarte ikkje klarte å spele nøyaktig nok til å vinne, sjølv om han vann kvalitet. Partiet bølga vidare med vinstsjansar til begge, heilt til Bjarte bukka kvalitet tilbake,  med eit vinnande sluttspel for Tom Andre som resultat:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game936869140.html

 

I B-klassen har Bjørn Magnus Bø heile to poeng meir enn nummer to på tabellen, etter ein nokså rask siger mot Petter Oksum Eriksen:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game937279031.html

 

Svein Hansen hadde overtaket i det meste av partiet mot Sivert Ihlen. Sivert kunne kanskje skaffa seg remis-sjansar med bonde under dersom han hadde bytta av sin dårlege løpar mot svart sin sterke springar. Vi som kjenner Svein Hansen godt veit han er glad i å hoppe rundt med springarar!:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game937600546.html

 

Erik Werner Andersen må kunne vere godt nøgd med eit nærmast prikkfritt gjennomført «Fried-liver attack» mot Olav Holt. Partiet er som ei lærebok i korleis kvit skal spele i denne åpninga!:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game937856734.html

 

Sist men ikkje minst er det verd å sjå på det dramatiske partiet mellom Aage Gjone og Jacob Ounji Nygaard. Det var Aage som hadde dei fleste vinstsjansane. Det interessante taktiske temaet «laser» dukka opp fleire gongar. Til slutt klarte Jacob å finne ein evigsjakk i ein kamp mellom dronning og to tårn, der tårna såg ut til å vere klart sterkare enn dronninga:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/8/Game938063140.html

 

 

 

 

RAPPORT, RUNDE 3 v/Bjarte E.:

 

Etter tre runder er Jan Tore Moholt åleine i leiinga i A-klassen med tre av tre poeng. I oppgjeret på første bord klarte Paulius Cebatarauskas å utlikne med svart ut av åpninga, i det skarpe Panov-Botvinnik angrepet i Caro-Kann, men brukte opp svært mykje av tida si på dei 12 første trekka. Utover i midtspelet fekk kvit fleire anledningar til å skaffe seg stor fordel. Jan Tore utnytta til slutt sjansen til å ofre springaren på f5, med vinst:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game322643031.html

 

Thomas Gjerken har hatt vinststillingar i begge sine første parti men hadde likevel berre eit poeng før tredje runde. Også mot Karl Isak Skau hadde Thomas ei svært god stilling med kvit, etter å ha ofra løpar for fire bønder. Men så gjekk eit kvitt tårn tapt:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game323147859.html

 

Oppgjeret mellom to Engeset enda med remis, men i ei stilling der begge hadde balansert presist på kanten av stupet i mange trekk. Bjarte ofra til slutt ein løpar for å få evig sjakk:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game323410609.html

 

Partiet mellom Tom Andre Tøftum og Geir Helmersen var ein mykje meir roleg remis, etter langvarig manøvrering i ei nokså låst stilling:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game323605515.html

 

Bjørn Magnus Bø er åleine i leiinga i B-klassen med tre av tre etter ein siger mot Svein Hansen. Etter 34 trekk var stillinga nokså lik. Då prøvde Svein eit finurleg springaroffer for å kunne ha mange sterke bønder for offiseren i eit sluttspel. Men Bjørn Magnus såg at han kunne la vere å ta i mot offeret i første omgang og heller binde den ofra springaren. Dermed gjekk poenget til den yngste:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game327799078.html

 

På andre plass i B-klassen finn vi den yngste spelaren i klubben, Sivert Ihlen med 2,5 poeng. Etter eit dramatisk parti er nok Sivert sin motstandar, Jacob Ounji Nygaard, mest tilfreds, sidan dei tok remis i ei stilling der Sivert hadde matt i to. Men Sivert hadde gått feil i åpninga og opna sentrumslinjene med kongen sin i midten. I den stillinga hadde Jacob på si side klar sjanse til vinst. Men Sivert kom seg inn i midtspelet med ein bonde over og spela presist og vinnande lenge. Sluttspelet med dei to bøndene mot dronning er svært lærerikt. Det inneheld ikkje minst det sentrale temaet bonde på sjuande rad mot dronning:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game345555125.html

Her er eit illustrerande eksempel der Bjørn Magnus Bø hadde vinsten innanfor rekkevidde i ei slik stilling:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game332807750.html

Her vart det remis mellom Jan Tore Moholt og Bjarte Engeset i ei slik stilling:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game332930937.html

Det mest lærerike partiet i dette temaet er nok det som vart spela mellom Leif Vagle og Svein Hansen i januar 2003. Her vekslar partiet mange gongar mellom remis og vinst. I sluttstillange tok spelarane remis i ei vunnen stilling for kvit:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game345315375.html

 

Partiet mellom Aage Gjone og Olav Holt veksla også fram og tilbake. Olav fekk ein gardert fribonde på tredje rad. Aage gav løparen for å bli kvitt dei to bøndene, men det gav Olav ei stilling med klar fordel. Etter meir dramatikk fall til slutt svart sitt tårn og Aage fekk heilpoenget.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game328457140.html

 

Erik Werner Andersen tvinga fram ein instruktiv remis i ei stilling der Peter O. Eriksen lenge hadde hatt fordel:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/2/1/Game328712453.html

 

 

RAPPORT, RUNDE  2 v/Bjarte E.:

 

To spelarar har full score etter to runder i A-klassen: Jan Tore Moholt og Paulius Cebatarauskas.

Paulius møtte Tom Andre Tøftum. Det var sjansar til begge sider i eit langt parti. Sluttspelet vart mellom ein sterk springar og ein svakare løpar. Paulius utførte ei lang kongevandring på 12 kongetrekk, trengte inn i svart si stilling og vann til slutt partiet. Her kommenterer Paulius sjølv partiet:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game63266562.html

 

Jan Tore Moholt møtte Karl Isak Skau. Partiet var nokså jamt i tretti trekk, men så fekk svart sitt tårn fotfeste på tredjerada.  Svart (Jan Tore) spela presist derifrå og vann etter 58 trekk:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game63683406.html

 

Dei to høgst rata spelarane, Geir Helmersen og Audun Engeset, møttest i eit parti der Geir med kvit fekk spelet inn i eit roleg og posisjonelt farvatn ut av opninga. Kvit fekk etter kvart løparparet og sto nok best då svart hadde kome i tidsnaud kring trekk 38. Men akkurat der gav Geir Audun ein sjanse til å utføre eit vinsttrekk . (Det er nok ikkje er så enkelt å finne. Sjekk ut den stillinga!). Etter tidskontrollen var det ikkje lett å berge partiet for svart.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game63892203.html

 

Thomas Gjerken Larsen fekk ein remis etter å kjempa med ryggen mot veggen mot Geir Helmersen i første runde. I andre runde sto Thomas klart til vinst mot Bjarte Engeset etter godt spel på kongesida. Men Bjarte fekk heilt på slutten sjansen til eit magnetoffer og ein evigsjakk som gav remis.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game64201625.html

 

I B-klassen er det to ungdommar i toppen, begge med to poeng. Den yngste av dei, Sivert Ihlen, utnytta effektivt at motstandaren, Josef Gamil Josef (med svart), svekka dei mørke felta kring kongen sin. Sivert brukte den populære opninga «London-systemet», slik t.d. Magnus Carlsen har gjort i det siste.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game64372875.html

 

Bjørn Magnus Bø har også to poeng etter to runder. Poenget i andre runde tok han frå Jacob Ounji Nygård på ein måte som likna på Sivert Ihlen sin vinst. Jacob hadde også svekka mørke felt kring kongen og kvit sin løpar på g5 vart sterk. Når svart konge så miste rokaderetten kunne Bjørn Magnus opne sentrumslinjer og svart vart matt i trekk 30.

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game64507343.html

 

Erik Werner Andersen hadde stått best mot Bjørn Magnus i første runde, men angrepsofferet han då satsa på var nok ikkje heilt korrekt. Også i andre runde mot Aage Gjone sto Erik godt med utsikter til eit farleg angrep. Med det rolege trekket a3 kunne kanskje Aage sitt motspel vore stoppa, før Erik sitt angrep så kunne setjast inn for fullt. Men Aage fekk nokre tempi og eit motangrep slik at partiet gjekk inn i eit sluttspel med Erik sin springar mot Aage sin løpar (+ diverse bønder). I motsetning til i Paulius og Tom Andre sitt sluttspel vart løparen til Aage sterkast her:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game64638343.html

 

Svein Hansen fekk ein viktig sentrumsbonde mot Petter Oksum Eriksen etter eit taktisk tema tidleg i midtspelet. Når så Svein litt seinare også fekk opna både diagonalar og linjer mot Petter sin konge var matten umogleg å hindre:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/25/Game64965265.html

 

 

 

 

RAPPORT, RUNDE  1 v/Bjarte E.:

 

Det er freistande å seie at denne runda markerte eit definitivt generasjonsskifte i Larvik Sjakklubb. Dei siste åra har fleire av dei unge markert seg, men denne speledagen var tendensen heilt klar i dei yngste sin favør. Ved brettet gjeld det uansett alder å spele den beste sjakken, og det går opp og ned for dei fleste, men det må vere rett å peike på dei unge sine prestasjonar i denne runda.

 

A-KLASSEN

 

Vi har to spelarar i klubben frå den sterke norske 1999-årgangen, Paulius Cebatarauskas og Audun Engeset. (Jamaldringar med Aryan Tari og Sebastian Mihajlov m.fl.). Begge vann sine parti i første runde. Paulius sto nok best i midtspelet då Karl Isak Skau plasserte dronninga si på ei smal «fjellhylle». Deretter var partiet vunne for Paulius: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368481281.html

 

Audun møtte med kvit den populære Dd6-varianten i Skandinavisk frå Tom Andre Tøftum. Partiet vart det lengste, sidan Tom Andre forsvarte seg svært godt mot Audun sin romfordel. Det tok over 60 trekk før partiet var avgjort:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368513968.html

 

Fjorårsmeister Geir Helmersen såg ut til å vinne i eit Hollandskparti mot Thomas Gjerken Larsen, etter å ha fått to meirbønder. Men så gjorde Geir eit kvalitetsoffer som ikkje fungerte heilt. I sluttstillinga forserte Thomas fram ein remis, men hadde i fylgje computeren god sjanse til å vinne:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368545015.html

 

Bjarte Engeset hadde på eit tidspunkt også ein relativt enkel vinst med sin sterke svarte fribonde mot Jan Tore Moholt, men Bjarte oversåg den vinnande taktikken. Etter eit parti der Jan Tore lenge hadde stått best fekk Jan Tore difor til slutt heilpoenget:

http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368574875.html

 

 

B-KLASSEN

Erik Werner Andersen ofra ein springar i ei god stilling mot unge Bjørn Magnus Bø. Men offeret var nok ikkje heilt korrekt. Nokre trekk seinare var det klart at Bjørn Magnus kom til å vinne det relativt korte partiet: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368602687.html

Enda kortare vart partiet mellom kadetten Jacob Ounji Nygård og veteranen Svein Hansen. Jacob fekk skapt ei farleg binding og vann så etter eit instruktivt og tematisk tårnoffer i trekk 13: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368642703.html

 

Sivert Ihlen hadde ei veke tidlegare plassert seg heilt i toppen av klasse 5 i hurtigsjakk-NM. Han trakk det lengte strået mot veteran Olav Holt etter å ha skaffa seg to meirbønder inn i eit løparsluttspel med likefarga løparar. I dette partiet hadde Sivert også sjansen til å gjere eit interessant og godt springaroffer: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368678062.html

Unntaket med omsyn til unge vinnarar vart familieoppgjeret mellom far og son, Petter Oksum Eriksen og Vegard Eidsheim, der den gamle var eldst. Enn så lenge: http://www.viewchess.com/cbreader/2017/1/18/Game368731265.html